Smittevern og endringar i høve Covid-19


Lokaltaxi Vanylven tek smittevern på alvor, og vi følgjer til ei kvar tid dei nasjonale retningslinjene.


Vi desinfiserer bilane innvendig mellom kvar passasjer og etter kvar tur, og alle som går inn i bilen må desinfisere hendene sine. Handsprit er tilgjengeleg i alle bilar. Både sjåfør og passasjer skal ha på munnbind. Dersom ikkje passasjer har munnbind sjølv er eingongsmunnbind tilgjengeleg i drosjene.


Pasientreisekøyring til og frå sjukehus, lege, fysioterapi o.l. blir framleis utført som vanleg, men kun med èin pasient i bilen (vanlege drosjer). Det er lov å ha med fylgje.


Skule og rutekøyring vil gå som normalt etter retningsliner frå busselskapa.

Køyring av personar til og frå institusjonar vert utført som vanleg.

Vanlege drosjeturar blir utført som vanleg.

 


Endring i tilbod for transport til og frå sosiale samvær og festkøyring, særleg kveld og natt


Vi har for tida endring i tilbodet for det som gjeld transport til og frå sosiale samvær og festkøyring, særleg kveld og natt.


Bakgrunnen for dette er at vi jobbar med mykje sårbare passasjerar og personar som er i risikogrupper, og vi prøver alt vi kan å unngå å vidareføre smitte til desse. Samtidig er det også eit vern av oss sjølve og våre næraste.


Turar på kveld og natt vert ikkje utført med meir enn to personar i drosja (vanleg bil), og bussane vil ikkje bli brukte til køyring til og frå sosiale samvær og festkøyring. Dette gjeld fram til til smitten er under kontroll og andre restriksjonar i samfunnet blir opna opp igjen.


Endring i påska 2021


Med bakgrunn i at ein del personar kjem heim til påske frå område med vesentleg større smitte enn vi har i Vanylven, vel drosjene å innstille all køyring frå sosiale samvær og festkøyring frå og med onsdag 31. mars til og med mandag 5. april (2. påskedag).


Håper alle har forståing for dette, og at vi snart er tilbake i normale dagar.